Utbetring av Ørsta rådhus

llustrasjon: Nytt inngangsparti for Ørsta rådhus.Ørsta rådhus vil dei neste månadane vere under ombygging, mellom anna for å imøtekome krav om brannvarslingssystem, ventilasjon og adgangskontroll. Servicekontoret er første steget i prosjektet. Dette inneber at delar av underetasjen og inngangspartiet vil vere stengt og under utbetring fram til september 2018.

Endring av inngang til rådhuset: 

Servicekontoret vil i denne perioden flytte ut av sine lokale, og til oppsida av rådhuset, der inngangen var i «gamle dagar». Pila på biletet under viser den mellombels inngangen til servicekontoret, som blir teke i bruk frå torsdag 1. mars. Dette vert hovudinngangen til ombygginga er ferdig.  

Kart Servicekontor.png

(Trykk på biletet for å gjere det større).


Planløysing

Slik blir planløysinga i underetasjen av rådhuset, når ombygginga er ferdig. Pila under viser den nye hovudinngangen som vert opna hausten 2018. Området som er merka i grått, vert det nye ventelokalet for besøkande. 

Planløysing_merka inngangsparti.png

(Trykk på biletet for å gjere det større).

Følg oss