Dette tilsvarer kr 78,- per innbyggjar, noko komitéen er svært nøgde med. Vi veit at det vil kome inn meir pengar i løpet av veka, då både Ørsta ungdomsskule og Velle skule arrangerer skuleløp denne veka.
Vi vil gi ei særleg takk til alle skulane og barnehagane som har hatt skuleløp til inntekt for TV-aksjonen. Ei stor takk går også til Møre folkehøgskule som bidrog med 30 elevar som gjekk med bøsse, og til medlemmar i Ørsta Rotaryklubb som stilte med sjåførar til å køyre elevane rundt. Det viste seg å vere vanskeleg å få nok bøssebærarar, så utan desse elevane hadde det vore vanskeleg å få dekt så mange roder i sentrum. Vi er også takksame for hjelpa vi fekk ute i bygdene, som velvillig stilte opp og fekk tak i bøssebærarar.
Mange sedlar som skal teljast.
Ørsta kommune
Til trass for mangel på bøssebærarar i Ørsta sentrum, så trur vi folk har nytta seg av betaling via Vipps. Dei som gjekk rundt med bøsser opplevde å verte tekne godt imot og at viljen til å gi var stor.
Nytt av året var at vi hadde eit arrangement på Kunsthuset i september, som innleia TV-aksjonen for innbyggjarane i Ørsta. Kunsthuset var fylt til randen og dei som kom fekk m.a. med seg ymse kulturinnslag og intervju med ei mamma som har eit kreftsjukt barn. Initiativtakarane til arrangementet hadde også eit loddsal til inntekt for TV-aksjonen og samla inn 30 000,- til Barnekreftforeninga.
Det vart også etablert eit “gullsløyfe-tre” på Lina-tomta i Ørsta sentrum. Treet vart dekorert med lys og innbyggjarane vart oppmoda om å henge opp gullsløyfer for å minnast nokon ein har mista til kreft eller for å gi håp til barn som er under kreftbehandling. Gullsløyfa er Barnekreftforeninga sitt symbol.
Vi i komitèen opplever at årets TV-aksjon bidrog til stort engasjement blant innbyggjarane i kommunen, og er stolte og takksame når vi ser resultatet av innsamlinga.
Resultat tala kan du sjå på giverstafett.no
Helsing TV-aksjonskomitèen i Ørsta
Per Are Sørheim
Tove Halse Digernes
Monica Kipperberg
Oddhild Raftevold Mo
Mikael Mangino Sætre
Ørsta kommune