Tussa byggjer ut fiber på Leknes, Urke og Øye

Eldar Øye, Ass. kommunedirektør og Ivar Driveklepp, Adm. direktør i Tussa IKT er begge nøgde med avtalen.Ørsta kommune og Tussa har inngått ein avtale om å byggje ut fiber på Leknes, Urke og Øye. 

Ørsta kommune har søkt og fått tilskot på 3 millionar kroner frå den statlege tilskotsordninga for fiberutbygging. Saman med kommunale midlar utgjer dette eit bidrag på 3, 24 millionar kroner for å realisere utbygginga.

(Dette er ei felles pressemelding frå Tussa og Ørsta kommune).

Utbygginga omfattar sjøkabel frå Sæbø til Urke, og vidare til Maude og Øye. Om lag 50 husstandar og fem bedrifter vil få tilbod om å kople seg på fibernettet. Målet er at kundane skal vere kopla opp før jul i år.

Utbygginga vil gi innbyggjarane på Leknes, Urke og Øye eit raskare og meir stabilt breiband enn dei har i dag, godt trådlaust nett og den nyaste TV-boksen frå Get. I tillegg sørgjer utbygginga for fiberaksess til mobilmaster i området, noko som gir høg oppetid og kapasitet på mobilnettet. Fiberaksess til Tussa sitt kraftverk på Urke inngår også i utbygginga.

- Samfunnsmessig er dette eit flott prosjekt. Som lokal fiberutbyggjar føler vi eit ansvar for å bidra til at så mange som mogleg i området vårt får fiber. I dag er fiber og gode kommunikasjonsløysingar like viktig som veginfrastruktur og straum for å oppretthalde busetnaden og bedrifter i bygdene, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.


For Ørsta kommune er det viktig å få godt nettsamband over heile kommunen.

- Dette er ei av dei få større sonene som står igjen. Denne utbygginga vil styrke infrastrukturen i Hjørundfjorden både for dei som bur der, det aukande reiselivet, og det vil sjølvsagt vere svært positivt for beredskapen i området. Kommunen vil halde fram arbeidet for at også dei få andre attverande sonene skal få utbetra nettsambanda sine, seier Eldar Øye, assisterande kommunedirektør i Ørsta kommune.
 

Startar salet i april

Salet av fiber både til fastbuande og fritidsbustader startar i april. For at utbygginga skal bli realisert er det ein føresetnad at mange av innbyggjarane og bedriftene tingar fiber. Oppnår ein tilstrekkeleg kundegrunnlag vil utbygginga kunne starte opp i løpet av sommaren.
Sidan ein ikkje kan nytte statlege midlar til å byggje fiber til fritidsbustader, vil mange av dei som har hytte eller fritidsbustad i området kunne få tilbod om fiber på kommersielle vilkår.
 

Sikker løysing

Tussa tilbyr ei sikker løysing med eigen beredskap lokalt. Tussa sitt radionett blir oppretthalde som reservesamband i tilfelle fiberbrot.

Følg oss