Tiltak mot nattebråk i sentrum

Kommunekart

 

Kommunen held fram arbeidet med å sikre gode tiltak mot nattebråk i sentrum. Dette arbeidet blir gjort i samråd med politiet. Det er også eit sentralt element i oppfølginga av den nyleg vedtekne sentrumsplanen for Ørsta sentrum.

I møtet med politiet 3. juli vart det diskutert ulike tiltak som kan betre støystituasjonen i sentrum. Oppgåva har høg prioritet både politisk og administrativt. I løpet av sommaren startar administrasjonen arbeidet med ein ny skiltplan for Webjørn Svendsen-gata. Dette inkluderar også tilstøytane gater som Sjøbrauta og Torggata.

I skiltplanen vil det kome eit forbod mot gjennomkøyring på nattestid. Det kan også bli aktuelt med kameraovervåking, men dette er under utgreiing. Som eit ledd i oppfølginga av sentrumsplanen, der trafikken i Webjørn Svendsen-gata i større grad skal vere på dei mjuke trafikantane sine premissar, vurderer administrasjonen forhøga gangfelt og andre fartsrestriksjonar.  

Følg oss