Tildeling av Aarsæther-legatet 2014

Aarsæther-legatet.jpg

Sissel Karin, Ottar Erling Standal og Odd Bjarne Bjørdal fekk tildelt Aarsæther-legatet i kommunestyremøte idag.

Grunngjevingane Ordførar Rune Hovde las under utdelinga av jord- og skogbrukspremie 2014:

Sissel Karin og Ottar Erling Standal

Klubben-garden, gnr. 170, bnr. 8 på Store-Standal

Ottar Erling Standal tok over slektsgarden Klubben på Store-Standal i 1977, og har drive den sidan ilag med ektefellen Sissel Karin, som flytta til bruket seinare. Dei bygde ny driftsbygning for mjølkeproduksjon i 1978, og ilag med andre gardbrukarar i bygda, vart det drive med nydyrking av jord på Standaleidet i åra 1982 – 87. Til saman 90 dekar vart nydyrka, og Ottar Erling var ein aktiv deltakar i dette arbeidet. Det vart først bygd veg frå Standal til Standalsætra, så vart planlagt dyrkingsfelt kanalisert, før det vart nydyrka. Arealet på Standaleidet har vore viktig for driftsgrunnlaget til gardsbruket, sidan ein del jordbruksareal nede i bygda har vorte bandlagt til massetak.

Då Ottar Erling starta drifta, var mjølkekvota på ku på 30 000 liter, og gjennom nydyrking og kjøp av kvote, har den auka, slik at det i 2014 vart levert 106 000 liter mjølk frå garden.

I 2014 var areal i drift til saman 273 dekar jordbruksareal, der 214 da er fulldyrka og 59 da er beite. I tillegg til eige bruk er dette leigejord frå 6 andre bruk. Dyrehald på bruket var i 2014 18 mjølkekyr, 6 andre storfè og 6 vinterfôra sauer. Ottar Erling og Sissel Karin er no dei einaste som driv gardsbruk på Store-Standal, og dei driv store deler av jordbruksarealet i bygda.

Både Ottar Erling og Sissel Karin har hatt arbeidet sitt på gardsbruket i desse åra. Ottar Erling har i periodar hatt noko bygningsarbeid i tillegg, og han har vore med i lokalt bondelag. Dei har to søner som har vore og er til god hjelp i gardsdrifta.  

Odd Bjarne Bjørdal

Samundegarden i Bjørdalen, gnr 38 bnr 4

Odd Bjarne vaks opp i Bjørdalen, og sjølv om familien ikkje hadde gard sjølv, fekk han tidleg interesse for praktisk gardsarbeid og stell av dyr. Saueeigar vart han alt som 15-åring. Etter ungdomsskulen arbeidde Odd Bjarne som avløysar og med skogsarbeid, før han i 1992 kjøpte gard på Eide i Bondalen. Han starta opp med sauehald, og i 1997 med pelsdyr i tillegg. Pelsdyrhaldet vart avvikla i 2005, m.a. på grunn av økonomi i næringa.

I 2007 kjøpte Odd Bjarne Samundegarden i Bjørdalen av onkelen sin. Han har etter dette satsa stort på sau, og har gjort ein stor innsats med nybygg på garden, m.a. ny fjøs og reiskapsbygg. Han har i dag 200 vinterfôra sauer, og om lag 600 dyr vert sendt på ulike sommarbeite. Dette i Høydalen, på Skår, Trandal og i Kvanndalen. Saueflokken til Odd Bjarne er med det ein svært viktig faktor for at store deler av kultur- og  naturlandskapet i kommunen ikkje gror att.

Odd Bjarne har 95 da fulldyrka areal, og 114 da beite på eige bruk, men driv til saman 640 da til slått og beite, på 11 bruk i Ørsta og Volda. I seinare år har han starta opp med kjøtproduksjon på storfe, noko han vil satse meir på i åra framover.

Det høyrer med 580 da produktiv skog til garden, og Odd Bjarne har rydda opp i skadane etter orkanen Dagmar, og kultiverer ny skog på sine areal.

Odd Bjarne profilerer gjerne sauenæringa, og har opna garden for dei som vil sjå og lære, ikkje minst skular og barnehagar. Han er sterkt engasjert i organisasjonane i landbruket, og er for tida leiar av Møre & Romsdal sau og geit, vara til sentralstyret på landsplan, medlem av gjetarhundrådet og kretsleiar i Nortura. Han er ein dyktig og ivrig brukar av gjetarhund, og var primus motor for NM i gjetarhund både på Sæbø i 2000, og i 2014 i Follestaddalen.

Aarsæther-legatet 2.jpg

 

 

 

 

 

Følg oss