Til alle brukarar av alle hallar/ gymnastikksalar

 

Den nye Ørstahallen er no teken i bruk. Halltidene er her i ordna former. Slike ordningar bør vere likeverdige i heile kommunen. Det har dermed vorte nødvendig at hallnemnda får nytt, heilskapleg mandat: 

Å fordele tider i alle hallar/gymnastikksalar etter søknad.

(For andre skulelokale vil der kome eige utleige-reglement)

Den nye tildelingsordninga vil verte gjeldande frå og med hausten 2020. Før den nye ordninga vert sett i verk, må kommunen få oversikt over alle noverande skriftlege bruksavtalar som gjeld hallar/gymnastikksalar. 

Desse avtalane vil kunne verte erstatta med nye avtalar. Dersom noverande skriftlege avtalar skal verte tekne med i den vidare vurderinga, må desse sendast inn til 

postmottak@orsta.kommune.no eller 
Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta 

Frist 15.10.2019

Følg oss