Det vert test av nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg over heile Noreg.
Det er politiet som sender ut nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet “Viktig melding – søk informasjon”.
Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.
Les meir om test av nødvarsel her: Test av Nødvarsel
Dette skjer ved test av nødvarsel:
- Testen vert utløyst mellom klokka 11.55 og 12.10 den 11. juni 2025
- Når du mottar testen vibrerer telefonen og spelar av ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekund.
- Ei tekst dukkar opp på skjermen. I teksta står det at dette berre er ein test.
- Varselet kan "dras" vekk eller fjernast ved å trykke "ok" (avhengig av kva type telefon og operativsystem du har).
- Teksta i varselet kjem i to språkversjonar – norsk og engelsk.