Test av beredskapsvarsling 19. april

Meldinga i Ørsta vert sendt ut på SMS eller via oppringing på telefon

Åknes/Tafjord Beredskap skal teste befolkningsvarslingssystema. 
Torsdag 19. april mellom kl. 15.00 – 15.30


Testing av systema som skal varsle om fjellskred i Storfjorden.

Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til din telefon.

I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjele sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommune. 

Det vil være mogelegheit for å gi oss tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn du også på www.aknes.no.


- Vi oppfordrar til å informere barna om denne testen på førehand.

Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håpar alle innbyggjarane har forståing for dette.

ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt ras blir utløyst.
 

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no / 92251691

Følg oss