Tenesta for psykisk helse og rus får Arbeidsmiljøprisen 2015

Arbeidsmiljøprisen 2015.jpg

Vi gratulerar Tenesta for psykisk helse og rus med Arbeidsmiljøprisen 2015!

Arbeidsmiljøprisen for Ørsta kommune skal delast ut kvart år, og skal ha følgjande målsetjing: 
Verdsetje dei beste helsefremjande tiltaka og prosessane som medverkar til trivsel, godt arbeidsmiljø og høgare nærvær.


Målretta

Tenesta for psykisk helse og rus har gjennom systematisk og målretta arbeid etablert eit solid fundament for eit godt arbeidsmiljø.

Eininga består av fleire fag- og tenesteområde som no er samla under same leiar. Denne endringa har vore utfordrande, og dei har med hjelp frå NAV arbeidslivssenter og i samarbeid med bedriftshelsetenesta sett samhandling og arbeidsmiljø på dagsorden. Eininga  har fleire ulike profesjonar, dette har dei også arbeidd medvite med. Dei får difor fagleg rettleiing av ein ekstern rettleiar. Dette verkar førebyggande  og hjelper dei til å unngå konfliktar som elles lettare kunne oppstått.

Gjennom å setje seg klare mål, som mellom anna er nedfelt i eininga sin HMT-plan,  og arbeide systematisk for å nå dei, har dei oppnådd å styrke samhaldet og sveise seg saman til å verte ei eining med felles målsetjingar.


Forventningssamtale og "husreglar"

Alle nye, både vikarar og fast tilsette, har ein forventningssamtale med einingsleiar ved oppstart. Då avklarar dei kva forventningar dei har til kvarandre og kva krav som ligg til jobben dei har takka ja til. Dette er med på å førebygge mistydingar og å avverje konfliktar i framtida.

Dei har etablert faste møteplassar og har laga klare ”husreglar” som er kjende og aksepterte av alle. Leiar har fordelt ansvar, alle har kvar sine tilleggsoppgåver. Dette er med på å auke involvering og dei tilsette gir uttrykk for at dei kjenner seg ivaretekne. Einingsleiar gjennomfører årlege utviklingssamtalar med alle tilsette, sist vart desse vart gjennomførte på ein god spasertur i nærområdet.

Resultata frå arbeidsmiljøundersøkinga har og vist ei fin stigning etter at tenesta vart samla til ei eining under same leiar.


Nytenking står sterkt

Noko av det som kjenneteiknar eininga er den samla viljen og evna til nytenking. Dei er ikkje redde for endring og har i staden valt å sjå på utfordringane som noko som er positivt og som kan føre til utvikling. Alle endringane dei har gjennomført har vore gjort for å få det betre! Dei har arbeidd systematisk, etablert gode rutinar og har involvert alle tilsette i dette arbeidet. God informasjonsflyt og klare krav frå leiar om deltaking og tilbakemelding, bidreg til høg trivsel og arbeidsglede. Alle tilsette opplever å verte sett og at deira kompetanse vert verdsett og nytta.

Eininga er gode ambassadørar for kommunen og arbeider medvite med omdømmebygging.  Arbeidet deira er etter kvart anerkjend langt utover kommunegrensene og dei vert leigde inn av andre for å snakke om ”Ørsta- modellen”.

Tenesta for psykisk helse og rus er ein verdig vinnar av arbeidsmiljøprisen på kr 10.000 med diplom, og er eit godt føredøme for andre einingar i Ørsta kommune.  

Arbeidsmiljøprisen 2015 2.jpg

Følg oss