Siste kvartal
For siste kvartal utgjer dette ein auke på 21 (0,19 %) i Ørsta. Dei 21 personane kjem frå eit fødselsoverskot på 5 og ei nettoinnflytting på 16. Veksten i Ørsta ligg godt føre fylket som hadde ein marginal vekst på 0,04 % og like under landet som hadde ein vekst på 0,20 %.
Dei siste 12 mnd
Dei siste 12 mnd. var det ein auke i folketalet i Ørsta på 72 (0,66 %). Folkeveksten på 72 kjem frå eit fødselsoverskot på 53 og ei nettoinnflytting på 19. Ørsta er på 4. plass i fylket i folketalsvekst siste år, bak Ålesund (1,42 %), Giske (0,75 %) og Smøla (0,75 %). Volda er på 11. plass, med ei auke på 10 (0,11 %). I Møre og Romsdal var det ein folketalsvekst på 246 (0,09 %) siste år medan landet hadde ein vekst på 0,74 %.
Frå 01.01.2020 ligg Bjørke i Volda
Når det gjeld området Bjørke/Viddal var der eit folketal på 104 pr. 01.01.2020. Dette er ein tilbakegang på 1 siste år.
Folketalet i Ørsta pr. 01.01.2020 vart dermed redusert til 10 825. Nye Volda kommune, som fekk 1162 nye innbyggjarar frå Hornindal, enda på 10 473 pr. 01.01.2020.
Grafen nedanfor viser utviklinga over folketal dei siste seks åra. Denne viser at Ørsta har hatt ein jamn vekst med eit snitt på 68 (0,63 %) pr. år