Tampen brenner- Resultat og læring frå kommunar på sporet.

Hild Våge.jpg

 

Ørsta kommune har dei siste tre åra vore deltakar i Kommunaldepartementet sitt prosjekt " Saman om ein betre kommune". Tysdag 1. desember var det avslutningskonferanse i Oslo, der hovudtillitsvald Hild Våge i frå Fagforbundet var med i debattpanelet og fortalde om trepartssamarbeidet i kommunen vår.

 

Ørsta kommune har dei siste tre åra vore deltakar i Kommunaldepartementet sitt prosjekt " Saman om ein betre kommune". Tysdag 1. desember var det avslutningskonferanse i Oslo.

Statsråd Jan Tore Sanner og Victor Normann  sette mellom anna fokus på utfordringane som kommunal sektor står framføre i åra som kjem. I tillegg var det innlegg og erfaringsdeling i frå fleire av kommunane som har delteke i prosjektet.

Beate Karlsen i frå AFF held teit interessant innlegg med tema:  Verdiskapande samspel: barrierar og drivarar.

Også Ørsta kommune vart representert på ein framifrå måte ved at hovudtillitsvald Hild Våge i frå Fagforbundet var deltakar i debattpanelet som snakka om utfordringar og suksessfaktorar i det lokale partssamarbeidet.

Nedanfor kan du lese meir om partssamarbeidet i Ørsta kommune

 (kjelde: overordna HMT-plan for Ørsta kommune vedteke i AMU 19.11.2015)

Trepartsgruppa Kveik

Kommunestyret har vedteke prinsipp for trepartssamarbeid i Ørsta kommune.  Trepartssamarbeidet skal verte ei naturleg arbeidsform i Ørsta kommune og

skal medverke til å utvikle gjensidig tillit mellom partane, med målsetjing om

betra kommunikasjon, auka trivsel og kvalitet på tenestene.

Partane skal vere likeverdige og skal arbeide for å skape felles forståing

gjennom respekt for ulikskapar i roller, innsikt og ståstad.

Trepartsgruppa Kveik har seks faste medlemmer:

Ordføraren, ein valt frå kommunestyret, rådmannen, leiar personalstab og to hovudtillitsvalde.

Trepartsgruppa Kveik skal ikkje vere eit vedtaksført organ, men kan kome

med tilrådingar og innspel til politisk handsaming. Trepartsgruppa Kveik skal

vere ein motor for kontinuerleg forbetring i Ørsta kommune, med særskild

merksemd på arbeidsglede, auka nærvær og kvalitetsutvikling.

Gneist-grupper  på alle einingar

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har gjort vedtak om at det skal etablerast partssamansette grupper på alle einingar med minst 5 tilsette. Den partssamansette gruppa på eininga, Gneistgruppa, skal representere partane på eininga med einingsleiaren (og ev. andre med leiaroppgåver), plassverneombodet og plasstillitsvalde som faste medlemmer. Gneistgruppa skal vere arena for leiing, medverknad og utvikling på arbeidsplassen. Gneistgruppa har ikkje vedtaksmynde, endelege avgjerder ligg til einingsleiaren. Utviklingsarbeid gjennom dialog og medverknad skal skape eit betre grunnlag for avgjerder. Partane i gruppa har ei gjensidig forplikting til å ta del. Gneist-gruppa skal ikkje erstatte råd og grupper som er heimla i avtaleverket, t.d. godkjenning av turnus.

Sentrale oppgåvene for Gneistgruppa skal vere: Årshjul, oppfølging etter arbeidsmiljøundersøkinga og HMT-plan for eininga og å utvikle gode arbeidsplassar ved å vurdere, planleggje og setje i verk tiltak som kan auke nærvær og trivsel blant medarbeidarar og sikre kvalitet på tenesta.

Følg oss