Ta del i strandryddeveka 2023: Ein tur med meining

turmedmening.no


Den nasjonale strandryddeveka går av stabelen 8.–17. september. Det oppfordrast til å rydde avfall langs strender, elvebreidder og i gata der du bur.  

Det foregår fleire forskjellige aktivitetar i strandryddeveka, deriblant å gå "Ein tur med meining”. Dette er eit samarbeid med "Friluftslivetsveke" og skjer første helga i strandryddeveka. Dette er ein tur der du i tillegg til å få mosjon og frisk luft gjer ein innsats for miljøet rundt deg: plukk med deg avfallet du kjem over! 

Om det er ein organisert tur ein stad du veit der er søppel er det flott, men ta gjerne med deg ein avfallspose på den vante turen din i skog og mark også. Mange i Ørsta og omegn brukar allereie helga si på turar i nærområdet, og denne dugnaden kan dei fleste vere med på.  Søppelet kan du ta med deg heim og kaste i avfallsdunken din (det er sjølvsagt då snakk om «herrelaust avfall»...) 

Ein aktiv dag i fjøra, vennegjengen på sopptur i skogen eller rusletur på kvelden i gata di? Om du kikar deg litt rundt får du kanskje auge på noko som ikkje høyrer heime i naturen. Vi er heldige som har så fin natur rundt oss! Denne må vi ta vare på.  

Småjobbsentralen skal ut å gå «Tur med meining» i sentrum fredag 8. september kl. 11.00, og her er det bere å slenge seg med. Vi stiller med klyper, hanskar, sekkar, kaffi og god prat! Vil du vite meir kan du gå inn på friluftslivetsuke.no.

 God tur med meining! 

Småjobbsentralen, tenesta for psykisk helse Ørsta

 

Holdnorgerent.no

For meir informasjon om Strandryddeveka, organiserte ryddedugnader, tips og råd til korleis utføre ein strandryddeaksjon, kan du gå inn på Holdnorgerent.no.
Her får du oversikt over andre ryddeaktørar og tilgang til oppdatert informasjon og forskning knytt til temaet marin forsøpling.
 

Følg oss