Kvifor 1#omdagen?
Norsk Friluftsliv har fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å bidra til å inspirere det norske folk til å kome seg ut i naturen, som eit grep for å ivareta den psykiske og fysiske helsa under koronapandemien. For mange er dei vanlege grunnane til å kome seg ut no forsvunne, og dørstokkmila er ekstra lang no når det blir mørkt og kaldt ute.
Naturen er alltid open. Vi håpar at hugseregelen #1omdagen kan gje mange ein ny grunn og motivasjon til å kome seg ut. Forskning viser at berre 10 minutt ute i naturen senker stressnivået, og gjer at vi føler oss betre.
Kva er #1omdagen?
#1omdagen er ei oppmoding om å kome seg ut døra minst ein gong om dagen. Målet er at det skal vere så låg terskel at alle kan gjere det på sin måte.
#1omdagen kan vere:
- Luft nokon sin hund.
- Ta lunsjen eller middagen ute i friluft - nyt dagslyset.
- Utforsk ein ny veg i nabolaget.
- Gå ut og tenn eit bål saman med nokon du er glad i.
- Gå ein kveldstur med hovudlykt. For eksempel opp til god jul- skiltet eller gapahuken i Skåla?
- Er det snø – finn fram akebrettet og leik deg i nærmaste bakke.
- Nyt morgonkaffien i husveggen eller på ein benk.
- Gå ut og øv deg på kart og kompass.