Synfaring på Bygg1

Dagleg leiar Jan Rune Holsvik viser formannskapet rundt på lageret. Ingvild Marie Taraldset

Tysdag var Formannskapet på synfaring hjå Bygg1 på rystelandet.

Formannskapet fekk sjå dei flotte, moderne kontorlandskapa og lagerbygningane til Bygg1. «Vi tar miljø og bærekraft på alvor», seier dagleg leiar Jan Rune Holsvik. Som vidare fortel om sjøvatnspumpenanlegget som sparar dei for mykje pengar. Bygg1 den fyrste bedrifta i Ørsta som fekk Miljøfyrtårn-sertifikat.

Bedrifta har noregs største dørlager og leverer dører og andre byggvarer til forhandlar, husfirma og entreprenørar. Dei starta opp i det små for 22 år sidan, og har berre ekspandert sidan. I dag har dei 33 tilsette, 14 fabrikkar, ei omsetning nær 300 millionar kroner og leverer fleire tusen dører i veka. Langs med har dei utvida lagerbygget fleire gongar og det neste dei ynskjer seg er eit eige lakkrom. Dei har stort fokus på å vere leveringsdyktige og har fått mange prisar i bransjen for akkurat dette. I tillegg fekk dei Næringsprisen i Ørsta kommune for 2014.

Bygg1 er stolte av å ligge her i hjartet av Sunnmørsalpane. «I Ørsta får ein tak i tilsette med god arbeidsmoral og høg arbeidskvalitet», seier Holsvik.  Kvart år går delar av overskotet som bonus til dei tilsette.

Formannskapet fekk ein flott presentasjon av bedrifta og omvising i kontorlokalet og lagerbygget. Det vart også diskutert utfordringar med tilkomsten til lagerbygget; krysset frå industrivegen og inn på E39, og reguleringa av strekninga heilt til flyplasskrysset.

Ingvild Marie Taraldset Ingvild Marie Taraldset Ingvild Marie Taraldset Ingvild Marie Taraldset Ingvild Marie Taraldset Flott takterrasse hadde dei òg. Ingvild Marie Taraldset Ingvild Marie Taraldset Ingvild Marie Taraldset

Følg oss