Synfaring i Dalevegen 24

Det er stor aktivitet i Dalevegen 24 som skal vere innflyttingsklart medio februar 2021.

Torsdag var kommunen på synfaring i Dalevegen 24 for å vitje framdrifta på byggjeprosjektet. Prosjektleiar Anders Digernes og dagleg leiar Ivar Aambakk frå hovudentreprenør Ivar Aambakk AS synte ordørar Stein Aam, kommunedirektør Wenche Solheim, assisterande kommunedirektør Eldar Øye, seksjonsleiar eigedom Irene Graskopf, prosjektleiar Jan Lidvar Vikestrand med fleire rundt i byggjet som nærmar seg ferdig.

 

 

Samlokalisering

Om tre månadar skal Ergo, fysio og friskliv, samt helsestasjon og heimebasert omsorg (HBO) samlokaliserast i bygget. Helsestasjonen skal vere i første etasje (gateplan) saman med ein del behandlingsrom til ergo/fysio/friskliv. Underetasjen består for det meste av kontor til ergo/fysio/friskliv med eigen personalinngang. HBO skal flytte inn i 3.etg, her blir det også felles garderobar, pauserom og møterom for tenestene på bygget.

 

Utfordrande renoveringsprosjekt

Bygget består av ein «ny» og ein gamal del. Det har vore utfordrande å renovere eit so stort og gamalt bygg, men denne oppgåva har hovudentreprenør Ivar Aambakk AS teke på strak arm. Vi har hatt eit godt samarbeid med Aambakk, prega av openheit og tillit som har tent prosjektet i sin heilskap. Elektroservice Ørsta, ØB Rør, Berknes Maskin, Plato og Målar Olav er nokre av dei lokale bedriftene som har arbeidd på prosjektet. Smittevern har vore eit viktig fokus og det har difor vore faste personar frå bedriftene som har utført arbeid på byggjeplassen.

 

Kva blir namnet på bygget?

I mai 2020 inviterte Ørsta kommune innbyggjarane til å kome med namneforslag til bygget i Dalevegen 24. Det einaste kriteriet var at namnet må spegle bruken av bygget. Det endelege namnet offentleggjerast før jul.

Følg oss