Synfaring av E39 – Fokus på punkt som hastar

Flyplass-krysset er eit av punkta langs E39 som det er viktig å prioritere. Wenche Solheim Ei ny kopling mot E39 ved ALTI er mellom dei utbetringane som Ørsta kommune ynskjer seg i 2022. Wenche Solheim Saman med «Gode Vegar» arrangerte Ørsta kommune onsdag 1. september synfaring og møte med representantar frå Statens vegvesen. Representantar frå næringsliv og formannskap var også deltakarar.

Frå Statens vegvesen deltok Vidar Neraas og Cathrine Helle-Tautra frå Transport Midt.

Ørsta kommune har vedteke sine prioriterte satsingar gjennom innspel til nasjonal transportplan, men ynskte med dagens møte og synfaring å vise kva punkt langs E39 som hastar mest.

I tillegg til Vartdalsstranda er Flyplass-krysset, Industriveg-krysset og Melsveg-krysset løfta fram. Det er og viktig å prioritere ei ny kopling mot E39 ved ALTI i 2022.

Trafikktrygging og næringsutvikling krev at Statens Vegvesen gjer naudsynte utbetringar på E39 i Ørsta.

  

Følg oss