Strategikonferanse og fylkesmøte

F.v.: Siri Klevstrand frå KS Arbeidsgjevarpolitikk, Kjersti Myklebust frå KS Forhandling og Rådmann Wenche Solheim.

7. og 8. februar arrangerte KS strategikonferanse og fylkesmøte i Molde. Ordførar Stein Aam, rådmann Wenche Solheim og KS-utsending Paul Kristian Hovden deltok frå Ørsta. 

Ørsta kommune hausta ros

Spesialrådgjevar Kjersti Myklebust, KS Forhandling, kunne fortelle at Ørsta var først ute med å fatte vedtak om å gi KS fullmakt til å forhandle fram felles lønsavtalar på vegne av alle kommunar. Dette skjedde i 1963, og sjølv om dette var eit modig og framsynt forslag skulle det likevel gå 25 år før Ørsta fekk gjennomslag for forslaget sitt.

Vedtaket var slik: Ørsta kommune vil peike på den uheldige posisjonen kommune står i ved at lønnsavtalane blir vedtekne individuelt av kommunane, men kollektivt av arbeidstakarane.

Det er grunn til å tru at mange kommunestyrerepresentantar røystar for avtalen fordi den individuelle stoda gjev kommunane sers svak forhandlingsposisjon.

Kommunen meinar ein må kome fram til kollektiv avgjerd i lønssaker, sjølv om lovendring skulle bli turvande.


Ørsta kommune vart rosa for initiativet dei tok med dette vedtaket.

Følg oss