Støyping av fallunderlag i treningsparken

Treningsparken i Ørsta Aktivitetspark byrjar å ta form og fleire av treningsapparata vert montert på plass i desse dagar.

Støyping av fallunderlag i treningsparken startar onsdag 11.november. Etter at underlaget er støypt må dette herde i 48 timar. Det er svært viktig at ingen trakkar inn på området før herdinga er ferdig, då dette vil øydelegge underlaget. Sjølv om det kan vere freistande å teste apparata er dette verken lovleg eller trygt før alt av fallunderlag er på plass. Det vert sett opp gjerder rundt heile treningsparken medan støypinga føregår.

Opninga nærmar seg med stormskritt, no er det er ikkje lenge igjen før ein kan ta heile anlegget i bruk.  

Følg oss