Stort behov for vikarar i Ørstaskulen

Skulane i Ørsta manglar vikarar. Seksjonsleiar for skule, Kirsti Øy Driveklepp, oppmodar aktuelle lærarvikarar om å søkje.
Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar. Relevant utdanning frå høgskule eller universitet er eit pluss, men det viktigaste er å vere ein trygg vaksen som kan skape eit trygt miljø saman med elevane og personalet.
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å undervise på alle trinn i grunnskulen. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode.
Søk på stillinga: Tilkallingsvikar i Ørstaskulen skuleåret 2020/2021
Publisert 08.12.2020 16:01