Stor entusiasme for reiselivsutvikling i Hjørundfjorden og Ørsta.

Masterplan - møte på Sæbø 14. mars

Nærare 70 møtte på andre samling for aktørar og interessentar for reiselivsutvikling, denne gong på Sæbø tirsdag 14. mars. Vi ønsker aktivitet og liv i bygdene, vi ønsker å gi besøkande gode og spennande opplevingar i natur og kultur, og vi ønsker fleire arbeidsplassar! 

Reiselivet i Norge har opplevd nokre år med kraftig vekst. Skal Ørsta ta del i vidare vekst og skape aktivitet og arbeidsplassar, treng vi ein samordna strategi og fleire produkt å selje. Ørsta kommune og Ørsta Næringskontor har derfor i samarbeid med næringsavdelinga i fylkeskommunen starta arbeidet med ein Masterplan for reiselivsutvikling i Ørstaregionen. Den første samlinga var i Ørsta i februar. Samlingane skal få fram ulike innspel til ei felles koordinert ramme for vidare arbeid, der målet er ei konkret tiltaksliste for søknader og oppfølging for å realisere prioriterte prosjekt.

I den andre samlinga var foreslåtte produkttema vandring, toppturar og fjord. Ein drøfta dessutan om kultur kunne vere eit fjerde overordna tema, eller om festivalane er konkrete produkt som støttar opp under hovudtemane. Ein drøfta dessutan omgrepa masseturisme og nisjeturisme. I gruppearbeida forsøkte deltakane å kome fram til konkrete produkt.  

Masterplan - Frå møte på Sæbø 14. mars 2017

Foredragshaldarar var Jan Sverre Sivertsen og Børre Berglund frå 2469-reiselivsutvikling.

Tredje og siste samling blir i slutten av mai. 

Følg oss