Stikk UT! -sesongen 2020

Klikk for stort bileteMelssetra er ein populær Stikk UT! tur i Ørsta. Foto: Maria Engeseth 

Årets Stikk UT! gjenspeglar det store turåret. Når pandemien kom og det meste var stengt ned, kunne heldigvis Stikk UT! starte opp som planlagt  1. mai.

Med over 32 537 deltakarar i Møre og Romsdal, 9584 fleire enn i fjor, og 863 006 registrerte turar har Stikk UT! 2020 satt nye rekordar. Om lag 12,2 % av befolkninga i Møre og Romsdal har vore med på Stikk UT! i år. 

I Ørsta hadde vi 2126 deltakarar, 777 fleire enn i fjor, og 10 435 registrerte turar. Heile 19,6 % av innbyggjarane i Ørsta kommune deltok på Stikk UT! i år. 

Sjå Stikk UT! statistikken her: 

Stikk UT! Statistikk  

Stikk UT! Topplister