Startar arbeidet med nye tomter på Håvoll

Etter dagens reguleringsplan er det regulert for tomter i dette området. Kommunen arbeidar no for å opparbeide 4-6 tomter i dette området.

 

Denne veka har Ørsta kommune vore i møte med grunneigarar på Håvoll. Målet er å gjere eit framstøt mot å opparbeide nye tomter.

Det vart gjort eit politisk vedtak i 2016 med mål om å opparbeide tomter spreidd rundt i kommunen, med fokus på Vartdal, Sæbøneset, Legene og Håvoll. Det er allereie utarbeidd tomter både på Vartdal og Sæbøneset. I tillegg er Legene på veg, men hittil har det ikkje blitt utarbeidd noko på Håvoll. Private aktørar starta på utarbeiding av bustader i området for få år sidan, men kostnadane vart for høge og arbeidet vart lagt dødt.

 

Kva skjer framover?

No ser kommunen på moglegheitene til å opparbeide 4-6 tomter i området Håvoll/Halse, og fullføre jobben som har vore oppe politisk i nærare 30 år, med vedtak i 2016. Første møte med grunneigarane i denne delen av prosessen er gjennomført. Det var eit positivt møte som gav grunnlag for å jobbe vidare med å framskaffe tomter i samsvar med kommunestyret sitt vedtak. Administrasjonen ser no på kva moglegheiter som ligg føre både teknisk og økonomisk i samarbeid med grunneigarane. Administrasjonen ser også på om det er mogleg å samordne framskaffinga av tomter med tiltak for å utbetre Halsevegen for tole tømmertransport. Det er sett av midlar til tømmervegar i 2020.   

Følg oss