Torsdag 5. mai 2022 skal det vere felles samling for kommunestyra i Volda og Ørsta.Høgskulen i Volda er ansvarleg for det faglege innhaldet i samlinga. Temaet er stadidentitet.
Pressemelding frå Høgskulen i Volda:
STADIDENTITET SOM GRUNNLAG FOR SAMARBEID I VOLDA OG ØRSTA
Kva stadidentitet er og korleis stadidentitet kan brukast for å styrke det strategiske samarbeidet mellom Volda og Ørsta, er tema for drøftingar i felles kommunestyremøte den 5. mai 2022, i Ørsta kulturhus.
Kommunane Volda og Ørsta er i gang med prosessar retta mot utvikling av strategisk samarbeid mellom kommunane. Kommunane har inngått avtale om å samarbeide om samfunnsutvikling og tenesteutvikling i møte med felles utfordringar, som til dømes rekruttering av kompetent arbeidskraft og handtering av eldrebølgja.
Ein viktig føresetnad for å lukkast med samarbeid er å skape grunnlag for felles kultur og forståing for heilskapleg og langsiktig samfunnsutvikling i Volda og Ørsta. I denne prosessen bidreg Høgskulen i Volda med fagleg og metodisk tilrettelegging. Gjennom fordjuping i tema og problemstillingar som er grunnleggande for samfunnsutvikling, er målet at politikarar og fagfolk skal utvikle ei felles plattform for samarbeid om samfunnsutvikling.
Stadidentitet er temaet for den andre - av i alt fire felles samlingar- for kommunestyra i Volda og Ørsta. På samlinga den 5. mai, vil Jørn Andreas Cruickshank, professor ved Høgskulen i Volda og Universitetet i Agder, innleie om stadidentitet sett frå ulike perspektiv og med døme frå ulike kommunar og regionar. Elisabeth Birkeland Hatlenes, fagkoordinator i Nordfjord regionråd, skal formidle erfaringar frå arbeid med stadidentitet som grunnlag for strategisk samarbeid i Nordfjord. Innleiingane vil danne utgangspunkt for diskusjonar og erfaringsdelingar mellom kommunestyremedlemmene og fagfolk i kommunane. Gjennom oppsummeringar og tilbakemeldingar i møtet vil prosjektgruppa frå Høgskulen i Volda utvikle eit kunnskapsgrunnlag for prosessen vidare.
Jørn Andreas Cruickshank, professor ved Høgskulen i Volda og Universitetet i Agder, har mellom anna forska på attraktive lokalsamfunn, stadidentitet og planleggingsteori for utkant-Noreg.
Elisabeth Birkeland Hatlenes, fagkoordinator i Nordfjordrådet, har eit sterkt engasjement for samarbeid mellom kommunar som grunnlag for regional samfunnsutvikling.