Sommarles 2020 er over

I Ørsta kommune deltok i år 195 born som leste 2435 bøker, til saman vart 219 070 lesne sider!

Av omsyn til smittevern får vi diverre ikkje arrangere den tradisjonelle avslutninga i biblioteket, men som plaster på såret tilbyr vi ein fin og heilt fersk film som passar for både vaksne og barn. Der fortel tre forfattarar frå Møre og Romsdal om og les frå bøkene sine. I filmen møter vi Hilde Myklebust med "Ylva og villgeitene", Maria Parr med "Keeperen og havet" og Ingunn Røyset med "Brevet frå krigen".

Film: Litteraturformidling - Hakallegarden

Vi oppmodar foreldra til Sommarles-deltakarane å finne tid til dei 45 minutta filmen varer og sjå den saman med borna. Filmen kan også delast opp sidan kvar forfattar opptrer åleine. Den første halvtimen med Maria Parr og Ingunn Røyset passar best for born frå 9 til 12 år, og den siste delen med Hilde Myklebust for dei minste lesarane (og lyttarane) opp til 8 år.

Det er kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som med midlar frå Nasjonalbiblioteket har laga filmen. Opptak vart gjort på Hakallegarden i Vanylven kommune.

Etter avtale med forfattarane ligg filmen tilgjengeleg på Møre og Romsdal fylkeskommune sin YouTube-kanal i 14 dagar, dvs. at siste visningsdag blir måndag 14. september.

 

Men - Sommarles kan vel ikkje avsluttast utan premieutdeling!

Onsdag 9. september kjem vi til å trekkje 15 premiar blant alle deltakarane med hjelp frå datamaskina. Vi har også eigne premiar for dei fem borna som har lese mest i løpet av sommaren. Etter trekninga legg vi namnelista ut på både biblioteket si heimeside og FB-side. Vinnarane blir også kontakta direkte. Premiane kan hentast på biblioteket ut september.

Alle som har vore med på Sommarles får tildelt diplom og kan sjølv velje ein liten ekstrapremie. Det er berre å spørje oss på biblioteket f.o.m. torsdag 10. september.

Utvalet kjem til å minke etterkvart, så det er førstemann til mølla!

Følg oss