Snart på plass i Vallamarka

Skisse_framside_SørVest.png

Det nye bygget i Dalevegen har fått namnet Vallamarka. Bygget er eit helsehus med fleire ulike funksjonar, og er såleis ikkje berre «det nye legesenteret». Vallamarka inneheld omsorgsbustadar i dei to øvste etasjane, legeavdeling og legevakt vert i 1. etg., og i underetasjen vert det primært hjelpemiddellager og formidlingssentral av hjelpemiddel for heimebuande.

Utbyggar er i rute i høve avtalt tidsplan og overtakinga vert onsdag 21. februar, med teknisk gjennomgang av bestillinga. I slutten av veke 8 startar diverse klargjeringar, særleg av teknisk driftsutstyr.

 

Legane flyttar inn i Vallamarka

Hovuddelen av flyttinga til Vallamarka vert gjort etter kl 12.00 fredag 2. mars. Då vil ikkje legetenesta ta i mot pasientar etter kl 12.00, anna enn ved akutte behov. Om alt går etter planen skal det vere mogleg å nytte legevaktsdelen allereie den same ettermiddagen/ kveld. 

Frå 5. mars vert det full legeaktivitet i det nye bygget, og det gamle legesenteret vil vere stengt. 

Det er mykje skal klaffe i overgangen frå gammalt og nytt. Vi ber difor om forståing og fleksibilitet i oppstartsfasen av drifta. På sikt har vi von om kortare ventetid enn det er i dag. 

 

Vartdal og Ørsta legekontor stenger. 

Det kort tid før legekontora på Vartdal og Sæbø stenger.

  • Måndag 5. mars er siste ordinære legekontordag på Vartdal.
  • Siste ordinære dag på legekontoret på Sæbø er onsdag 28. februar.

Når dei to bygdekontora stenger, vert pasientane som soknar til dei to legekontora overført til det nye helsehuset på Vallamarka. Dette har heile tida vore planen i samband med realiseringa av nytt legesenter i Ørsta sentrum.

 

Transport

For dei som av ulike årsaker kan ha problem med å kome seg til Vallamarka i Ørsta sentrum, og har behov for drosje, kan desse ha rett til paientreiser på linje med at ein må på sjukehus. Slik transport må bestillast frå legekontoret i sentrum. Er vedkomande kvalifisert for pasienttransport, betalar dei berre ein eigendel.

 

 

Følg oss