Snart får du posten din elektronisk frå Ørsta kommune

Digital post  (Difi.no).jpg

 Snart kan alle brev frå det offentlege sendast til di digitale postkasse. Er du klar til å motta dei der?

Kvifor nytte digital postkasse?

  • Vanleg e-post er ikkje ein sikker måte å sende meldingar på. Når du får brev frå kommunen gjennom digital postkasse, vil meldinga vere kryptert fram til postkassa. Du loggar deg trygt inn via ID-porten for å lese brev vi har sendt.
  • Du som mottakar får brevet digital nærast med ein gong det er sendt frå kommunen.
  • Å sende eit brev digitalt i stadenfor på papir vil spare kommunen for utgifter til papir og porto.
  • Den digitale postkassen gjer at du kan motta post digitalt frå stat, kommune og private på same stad. Når du mottek post digitalt frå det offentlege, vil du få varsel på SMS eller e-post. Då slepp du å sjekke postkassen for ny post kvar dag

 

Dersom du skal få brev inn i din digitale postkasse, må du vere brukar av enten Digipost eller eboks.

Følg oss