Småjobbsentralen 10 år

Ørsta kommune

Fredag 26. januar feira Småjobbsentralen 10-års jubileum. 

Småjobbsentralen er eit godt integrert arbeids- og aktivitetstilbod for dei med oppfølging innan psykisk helseteneste i kommuna, og tek på seg oppdrag både for private, næringslivet og kommuna elles.  Det er mange som skal heidrast ein slik dag, ei av dei er avdelingsleiar Joanne og ellers alle som jobbar i småjobbsentralen.  

Ørsta kommune ved ordførar Per Are var tilstades og både han og dei andre fekk smake på den flotte marsipankaka som var ordna for dagen. Kommunalsjef Audhild gav blomar på vegne av alle  i helse, omsorg og velferd. Stiftelsen Dam som har bidrege økonomisk i oppstarten av småjobbsentalen var heidersgjest frå Oslo og deltok også  i feiringa. 

Følg oss