Skravlekoppmarkering i Ørsta 30. juni
Onsdag 30. juni får Ørsta besøk av Ingrid Leirvik og Venke Knutson bak Skravlekopp. Dei kjem til Ørsta med seglskute i forbindelse med kampanjen deira «sammen i sommer». Samstundes med besøket vil vi markere at vi har vorte Skravlekoppkommune. Småjobbsentralen inviterer på vegne av Skravlekoppane i Ørsta.
Markeringa skjer i gågata / sentrum og vil gå føre seg slik:
- 10:00: Frukostservering: Nydeleg havregraut frå Møteplassen. Kaffi og skravletreff saman med Ingrid og Venke!
- 10:00–10:30: musikkinnslag v / Egil Olsen og diktlesing v / Skravlekoppambassadør Tore Vinjevoll.
- 10:30: Ordførar Stein Aam klipper snor, grøn i fargen sjølvsagt.
- 10:40: Skravlerunde i Ørsta med ulike stopp, saman med Ingrid og Venke
- 11:30: quiz med premiar i Ørstahallen v / Ungdomsrådet i Ørsta, sjå eige arr. på Facebook.
- 12:30: Kven er tøff nok til å gå planken og hoppe i havet for eit rausare samfunn? Ved Torget / kommunekaia i Ørsta
- Sentrumsbutikkane i Ørsta er med på markering av Skravlekoppkommunen Ørsta, og vil markere i sine butikkar. Det blir konkurransar og anna kjekt.
Arrangement i sentrum/gågata 30. juni frå kl 10:00
Skravlekokpp Ørsta
Lenker
Publisert av Øyvind Rødset
Sist endra 28.06.2021 14:08