Skateparken kan nyttast i helga

I helga vert det ikkje arbeid i skateparken, slik at det vert mogeleg å prøve den ut for alle som vil medan vi framleis har fint ver og gode temperaturar.

  

Det er berre litt finpuss som står att før Skateparken vert offisielt opna. Ver merksam på at det kan ligge litt småstein og lauv nokre stader i parken før vi får kosta og reingjort denne.

Treningsparken ved sida av Skateparken er ikkje heilt ferdig og her må underlaget tørke gjennom heile helga. Det er difor veldig viktig at ingen bevegar seg innanfor gjerda som står rundt denne og inn på treningspark-arealet.

Vi er framleis godt i rute med tanke på framdriftsplanen, der målet er å få opna heile anlegget i månadsskiftet november-desember.

Det er ikkje tillate å gå innanfor gjerda rundt treningsparken.  

Følg oss