Det er 3 større prosjekt som har vore gjennomført. Prosjektleiar for alle prosjekta har vore Evelyn Haram Larsen. Prosjekta har vore gjennomført i godt samarbeid med leverandørar, tilsette ved SSIKT driftssenter, lokale IT-avdelingar og dyktige systembrukarar for fagsystema i kvar enkelt kommune. Prosjekta har vore initiert og støtta av rådmannsgruppa og « Sjustjerna helse og omsorg». ( Fagforum for kommunale helse og omsorgsleiarar).
« Elektronisk meldingsutveksling søre Sunnmøre»
Gjennom fleire år har kommunane på søre Sunnmøre samarbeid godt omkring elektronisk pasientjournal Gerica. Drift av programmet vart flytta til felles driftssenter våren 2012. Det same gjaldt helsestasjonsprogrammet HsPro, som kommunane Hareid, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta nyttar.
Samhandlingsreforma med raskare utskrivingar frå sjukehus til kommunale omsorgstenester, medførte krav om samhandling av meldingar mellom sjukehus, fastlegar og kommunalt helsepersonell. Det var også behov for å få prøvesvar og andre dokument frå sjukehusa direkte inn i elektroniske fagsystem. For å få til dette, har vi gjennomført eit prosjekt omkring elektronisk meldingsutveksling. Prosjektet leverte sluttrapporten sin i oktober i år. Sjå også rapport.
Prosjektet har vore svært vellukka og det er etablert ein sikker måte å sende meldingar frå dei ulike datasystema på, slik at helseinformasjon blir tilgjengeleg for rett personale raskast råd. Tida då det vart sendt papirutskrifter i drosje, ambulanse, eller i bagasjen til pasient ved utreise frå sjukehus, er det no slutt på. I løpet av 2016 vil endå fleire grupper av helsepersonell sende meldingar via fagsystema, både innad i kommunen, men også i samhandling med andre aktørar.
«Samordning av felles datasystem Gerica, plattform for betre samhandling»
Kommunane har samarbeidd tett om fagsystemet Gerica sidan 2006, men auka krav til fagsystem og ikkje minst bruk av elektroniske meldingar, førte til at vi måtte tenkje nytt. Prosjekt for å samordne kodeverk, rutinar og bruk vart starta i juni 2014 og vart sluttført siste veka i november i år. Det har vore eit omfattande arbeid, der ein også har fått samordna og diskutert bruk og rutinar for rapporteringar, sakshandsaming, dokumentasjon og tenesteyting.
Vi ser alt no gode resultat av prosjektet, i form av enklare drift, enklare arbeid for å avklare feil og vi kan gi raskare bistand til tilsette. Vi har siste året gjennomført mange ulike kurs for aktuelle faggrupper.
Innan våre sju kommunar er det pasientar som mottek tenester frå ulike tenesteområde. Ved samordning i datasystemet, har helsepersonell no tilgang til dei brukarane som dei yter teneste, sjølv om det kan vere frå fleire kommunar. Men tilsette har berre tilgang til dei pasientar dei gir tenester. For interkommunale tenester, vil også rett journal då vere tilgjengeleg. Per i dag har vi slikt samarbeid om Hamna dagsenter i Volda, som yter tenester både til Volda og Ørsta. På sikt, kan det bli fleire slike interkommunale tenestetilbod.
« Lifecare mobil pleie »
Våren 2014 byrja kommunane Herøy og Volda med LMP, eller « Gerica på mobil», som mange kallar det. Dei har vore pilotkommunar for å bygge erfaring for dei andre 5 kommunane på søre Sunnmøre. Dei har kome med gode innspel både med teknisk oppsett og erfaringar frå dagleg bruk. Deira erfaringar gjorde at vi har gjennomført eit prosjekt innan Gerica plan og mobil pleie frå august til desember i år.
Her er bilde frå engasjert opplæringsbolk i Ulstein den 9.12:

Vi har brukt hausten på førebuing og ajourføring i fagsystemet, slik at korrekt brukarinformasjon, oppdrag og tidspunkt var klar til overføring til mobilane. Praktisk opplæring vart gjennomført i 5 kommunar i tida 1-10.12, og no har tilsette i heimesjukepleia i alle 7 kommunar mobilar med seg ut i pasientoppdrag. Dette blir ein enklare kvardag for tilsette, journalinformasjon er tilgjengeleg for tilsette når dei har behov for det, og ein får meir betre oversikt over dei tenester som vert ytt.
Prosjektet er møtt med stor entusiasme i alle kommunar, og dei som var pilotar, gir oss gode råd på vegen. Det er kjekt å oppleve at det vi har jobba med i lang tid, gir gode resultat.
Evelyn Haram Larsen, prosjektleiar