Målet med kvelden er at dei som vert 8. klassingar til hausten får høve til å ”ta over” Kaihuset for ein kveld, gjere seg kjende med og utforske huset, samt prøve ut noko av det vi driv med til vanleg i lag med berre jamaldringar.
Det vert turneringar i alle dei faste aktivitetane i ungdomskafeen (biljard, airhockey, FIFA), der ein kan vinne gåvekort på Ørsta Kino. Vi køyrer også på med neonparty/UV-disko og elles kiosk- og matsal som vanleg.
Alle som kjem er med i trekninga av eit gåvekort på 500,- på Ørsta Kino, dette vert trekt klokka 21.
Arrangementet er ope berre for elevar i 7. klasse, og inngong er gratis!
Vi ynskjer alle sjuandeklassingar hjarteleg velkomne på Kaihuset fredag 31. mai!