
STERKARE SAMAN
Volda-Ørsta skal stå saman i kampen for sjukehus, for tingrett, for høgskule, for vidaregåande skular og for nye vegar. Saman står ein sterkare. Saman er ein mindre åleine.
DEN FJERDE BYEN I FYLKET
Visjonen med Volda-Ørsta kommune er å bygge den fjerde byen i fylket. Her skal vi ha sterke sentrum, levande bygder og vere attraktive for familiar og unge.
Vi skal verte eit regionsenter for Søre Sunnmøre og Nordfjord. Vi vil verte Norges fremste senter for medieutdanning og nynorsk. Vi vil skape den beste skule- og utdanningskommunen på Vestlandet og spisse satsinga mot innovasjon og grunderverksemd. Volda-Ørsta kommune skal få betre og meir samordna tilrettelegging for næringsliv og busetjing. Og sjølvsagt skal vi ha universell utforming.
Saman står ein også sterkare når ein skal kjempe for viktige samferdselsprosjekt som E39, tunnelen mellom Volda og Furene og kryssinga av Ørstafjorden.
KVARDAGEN I DEN NYE KOMMUNEN
Kommunale tenester er ein viktig del av kvardagen til innbyggarane. Barnehage, skule og sfo, sjukeheimar, eldrebustader og helsesenter. Samanslåing vil ikkje føre til endringar her. I avtalen om Volda-Ørsta kommune heiter det at dei kommunale basistenestene skal vere nær innbyggarane.
Ingen kommunalt tilsette skal miste jobben i samband med ein ny kommune, og alle tilsette får vidareført sine noverande rettar.
MEIR POLITIKK, TAKK!
Det er eit mål å engasjere fleire innbyggarar i politiske prosessar. Vi vil bruke nye former for medverknad som for eksempel gjennom sosiale media.
Det nye kommunestyret skal i første valperiode ha 43 medlemer. Kor mange hovudutval ein skal ha og kor mange medlemer dei ulike utvala skal ha, vert vurdert i den nye kommunen.
Det skal vere balanse mellom ansvar og arbeidsplassar i dei to rådhusa og kommunale bygg. Ordførar med stab skal halde til i Ørsta medan leiinga for dei mjuke einingane som skule og helse skal vere i Volda.
FELLES HALL OG HUS
I felles plan om nye satsingar i den nye kommunen er det tenkt regionalt med symjehall i tillegg til fleirbrukshallen i Ørsta og mediehus med kulturhusdel i Volda.
Fram mot ein ny kommune er Ørsta kommune og Volda kommune einige om å vere forsiktige og ikkje verken ta opp store lån eller selje store verdiar utan å ha diskutert det med kvarandre. Ein vil ha sunn økonomi som kan gi innbyggarane stabile tenester.
Nivået på avgifter og eigedomsskatt skal jamnast ut.
Volda-Ørsta kommune vil få førti millionar kroner i støtte i samband med at ein blir ein ny kommune i tillegg til at ein beheld same tilskota som no i 17,5 år. Det betyr over 230 millionar kroner meir enn dersom ein ikkje slår seg saman.