
SPENNANDE
Ho er frå Volda og han frå Ørsta. Slike ektepar er det mange av i nabokommunane som no kan bli ein kommune.
Anne Grethe og Petter Sandnes bur med utsyn over Ørsta og bortover mot Volda. Men foreløpig held dei det ope om dei vil slå seg i lag med Volda.
- Det er noko vi har snakka mykje om i det siste, og vi har fleire spørsmål enn svar.
Samtidig ser dei at dei at i kvardagen så vil ein ikkje merke nokon forskjell om kommunegrensene vert endra. Skulen der barna går vil ligge der han alltid har gjort og rådhuset er ikkje ein stad der ein trakkar ned dørene.
- Nei, dit går det meste på telefon og det er ikkje så ofte det heller.
Av argumenta som talar for ein større kommune er regionbygging og at ein skal stå sterkare som større kommune, men då spør ekteparet seg om Volda-Ørsta kommune vert stort nok og om ein ikkje bør ha med seg Hornindal og Stryn også? Dei stiller også spørsmål ved fylkeskommunen og om ikkje det burde skje noko med den om ein får større kommunar?
- Dette er uansett spennande og vi ser at det er eit tema som vekkjer mange kjensler. Vi kjem til å følgje med framover og vi skal bruke stemmeretten 19. mai.