Utplasseringa av busskura er eit samarbeid mellom grendalaget på Sæbø, Ørsta kommune og Statens vegvesen. Grendalaget med Synnøve Rekkedal Hill i spissen tok først initiativ til å få nye busskur - dei skaffa gratis grunn frå grunneigarane for dei ulike punkta. Grunneigarane har sjølve opparbeid grunnen under busskura på dugnad, og fekk kr 30.000,- frå fylket i trafikktryggingsmidlar til å dekke kostnader til fyllmasser.
Sjølve busskura er det Ørsta kommune som har betalt, montert og frakta på plass. Kommunen har og stått for prosjektleiinga og dialogen med Statens vegvesen, som er eigar av fylkesvegen.
Kommunen er no i dialog med Statens vegvesen om å få sette opp nokre busskur til.
Kontaktperson:
Dag Jarle Aa
97 18 51 83
Dag.Jarle.Aa@orsta.kommune.no