
I dag, 24. mars held Ørstabarnehagen studiedag på Ørsta kulturhus. Vel 230 tilsette er samla til startskotet for utviklingsarbeidet ”Saman om Ørstabarnehagen – verdibasert leiing”.
.jpg)
Utviklingsarbeidet vert gjennomført under rettleiing av Grete Helle og Tom Rune Fløystad, frå firmaet ”Ringer i vann”. I utviklingsarbeidet skal ein sjå nærare på alle barnehagane - gjer ein det som planane seier? Det skal også vere fokus på opplæring av leiarar, nye verkty og liknande.
Det skal også bli sett på notid og framtid for Ørstabarnehagen. - Kva veit vi og kva trur vi, og kva konsekvensar får det for korleis vi arbeidar i barnehagane?
Publisert 24.03.2017 13:49