Samlinga er ein del av utviklingsarbeidet Ørstabarnehagen er i gang med i samarbeid med firmaet Ringer i vann.

Om lag 50 deltakarar var med på førelesning og gruppearbeid to heile dagar. Det er hardt arbeid, men også mykje humor og latter.
Samlingane er lagt opp av rettleiarane frå Ringer i vann, Grete Helle og Tom Rune Fløgstad. Vi har lært mange nye verkty som vi kan bruke i arbeidet med å utvikle kvaliteten i Ørstabarnehagen. Både foreldre og tilsette vil møte desse verktya i arbeid i barnehagen i tida som kjem.
På slutten av samlinga fikk alle delt ut førsteutkast av lokal rammeplan for Ørstabarnehagen. Denne planen skal vere felles og forpliktande for alle barnehagane i Ørsta kommune. Ny sentral rammeplan vert lagt fram i dag av kunnskapsministeren.