Saman mot nye høgder - Ørsta får god omtale på Regjeringen.no

Saman mot nye høgder - Hilde Flotve Mo.jpg

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til gode resultat frå Saman om ein betre kommune i 2014. Ørsta er ein av kommunane som arbeider systematisk med omdømme i programmet. Me skal byggje omdømme innanfrå med kommunikasjon som verkemiddel, og arbeidsgjevarstrategien som plattform.

 

Ørsta kommune har teke del i det store prosjektet Saman om ein betre kommune sidan 2013, og er no inne i det siste prosjektåret. På prosjektleiarsamlinga i Bergen i april var Ørsta ein av kommunane som vart løfta fram. Ørsta kommune fekk merksemd og gode tilbakemeldingar for det systematiske omdømmearbeidet, med utgangspunkt i at eit godt omdømme vart bygt innanfrå. Kommunane sine verdar og arbeidsgjevarstrategien er fundament, som kommunen byggjer vidare på.

Ein artikkel etter dette innlegget ligg no under Aktuelt på Regjeringen .no.

Omtalen om Ørsta på regjeringen.no 

Følg oss