Saman i desember

Møteplassen Aktivitetssenter og kafé

Småjobbsentralen i Ørsta vil skape ei koseleg førjulstid og inviterer alle innbyggjarar til å delta på «sammen i desember».

I samband med at Ørsta skal bli skravlekoppkommune, er vi med på kampanjen «sammen i desember» som Skravlekopp står bak. Kampanjen handlar om nettopp det å vere saman, sjå kvarandre og å bli sett. Saman skal vi skape flest mogleg menneskemøter før jul, anten i form av fysiske møter, per telefon eller video.

Småjobbsentralen oppmodar innbyggjarar, lag og organisasjonar til å arrangere skravletreff. Dette kan vere å ta ein telefon til ein ven, sende ei julehelsing til ein fjern slektning, gå ein tur saman med ein kollega eller ta ein kaffikopp med ein nabo. I tida som vi er i må vi hugse å følgje smittevernråda og avgrense antal personar vi er saman med.

Opningstider Møteplassen 

Måndag   kl.08.30 - 15.00
Tysdag    kl.08.30 - 15.00
Onsdag   kl.08.30 - 19.00
Torsdag   kl.08.30 - 15.00
Fredag    kl.08.30 - 15.00

Møteplassen aktivitetssenter og kafé har ope alle vekedagar. Hit kan alle som ønskjer kome innom for eit hyggjeleg skravletreff. Kvar måndag tilbyr Møteplassen og Småjobbsentralen gåtur frå Viketunet 12.30, det er bere å møte opp. Vi går ei runde i sentrumsområdet.

Vis at vi Ørstingar tenkjer på kvarandre, er rause med kvarandre og har eit godt og varmt lokalsamfunn! Lukke til og god førjulstid.

Registrer dine skravletreff og les meir om kampanjen på sammenidesember.no

 

       

Kontakt

Stine Terese Vatne Riise miljøterapeut/ergoterapeut
90254673
@ Stine Terese Vatne Riise
Viketunet Møteplassen Aktivitetssenter & kafé Berte Kanuttevegen 4
95749992

Følg oss