Eigendomane
På eigedomane står bygga til tidlegare Lystad skule. Skulen er bygd i 1961 med tilbygg frå 1981. Bruttoarealet er på 960 m². Eigedomane på 10.292 m² ligg på g.nr. 10 bnr. 8, 17, 29, 30 og 31 og gnr. 11 bnr. 87.
Synfaring
Synfaring måndag 18. mars 2024 kl. 10.00.
Takst
Det ligg føre takst på eigedomen frå takstmann Trond Ose av 3. mars 2021. Tilstanden på bygget på det tidspunktet går fram av taksten. Det har i etterkant vore lekkasje frå taket på eigedomen. Sjå taksten.
Eigedomen er ikkje regulert. Etter kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda er området avsett til landbruk-, natur-, og friluftsområde. Ørsta kommune vil vere positiv til utarbeiding av reguleringsplan for området. Er det ynskje om å ta i bruk eigedomen til anna bruk enn skuleføremål må det søkjast om mellombels dispensasjon.
Etter opplysningar frå eigar av granneeigedom er det tilkomst til skogteigar over eigedomen. Den vestlege delen av tomta er skredfareområde etter vurderinga frå NVE.
Eigedomen vert «seld som den er» i samsvar med avhendingslova § 3-9. Kommunen vil opplyse om alle manglar på eigedomen som er kjende for kommunen.
Bod
Ørsta kommune ber om skriftlege bod, innleveringsfrist 2. april 2024 kl. 12.00 til: Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.
Ørsta formannskap vil avgjere kven som får kjøpe eigedomen i møtet 16. april 2024.