Rundballeplast - Kjem plast på avvege hjå meg?

round-bales-966113_1920.jpg

Jordbruksnæringa er ein storforbrukar av plast. Seinare tid har synt oss at det er naudsynt å ha kontroll på plasten etter at vi har gjort oss nytte av den. Det er viktig å ha gode rutinar for oppsamling, sortering og levering av landbruksplast. Ein del av dykk leiger container til det føremålet, medan andre leverer plasten sjølve i Hovdebygda.

Anlegget i Hovdebygda tek imot om lag 80 tonn frå dykk kvart år. Likevel ser vi at rundballeplast kjem på avvege og vert ei kjelde til ureining. Ikkje alle bidreg til dugnaden med å få plasten trygt til Hovdebygda.

 

Felles ansvar

Vi har alle eit ansvar for å handtere vårt eige avfall, og då m.a. å handtere plasten frå rundballar på ein god måte. Forskriftsmessig handtering utelet brenning, deponering eller nedgraving som alternativ. For kvar kilo plastemballasje som vert seld betalar forhandlarane og produsentane av plastemballasje eit vederlag til Grønt Punkt Noreg.Dette vederlaget er lagt inn i prisen som du betaler for plasten, og desse pengane sikrar at sortert plast kan leverast gratis til innsamlar. Det er dårleg reklame for næringa når plast flyg ikring, heng seg i tre og kratt, på gjerde, mv.

 

Gjer vel:

  • Kjeldesorter avfallet ditt!

  • Sorter kvit og farga folie kvar for seg.

  • Garn/nett kan ikkje leverast i lag med plasten og må sorterast for seg.

  • Kontroller at du har del i fellesskapet som bidreg ved å sjekke fakturaen frå leverandøren din - der skal miljøgebyret stå spesifisert.

  • Kontakt din innsamlar for tilbod eller forslag på løysing om du ikkje har eit opplegg som fungerer.

  • Samarbeid - sjå moglegheiter saman.

  • Gamle/skadde rundballar som ikkje vert nytta som fôr. Ikkje la dei berre liggje - men ta av plasten og garn/nett og lever plasten til gjenvinning. Resten (graset) kan komposterast.

 

Vi oppmodar alle om å ta ein sjekk på om eigne rutinar fungerer. Kjem plast på avvege hjå meg? Alle partar tener på at vi er vårt ansvar bevisst og syner at norsk landbruk står stødig som ei miljøbevisst og berekraftig merkevare

Følg oss