Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Resultat frå UKM Ørsta/Volda

UKM.jpg

 

UKM Ørsta /Volda er vel overstått. Det vart eit kjekt arrangement, med flinke talent frå både Volda og Ørsta. Deltakarane imponerte både frå scena og i kunstutstillinga. 

I scenejuryen sat : Øystein Nybø, Mathias Fischer Blichfeldt og Thomas Vartdal Vinjevoll

I kunstjuryen sat: Anne Marit Varpen og Tove Stavem Reite

UKM - Juryen.jpg

 

 

 

Frå Volda har juryen valt å sende vidare følgjande:

Scene:

Bear inc med « For you»   

Om Bear inc skriv juryen: Tøft og orginalt, bra energi og god kontakt med publikum. Ett teknisk godt band som kan nå langt. To kule låtar som var fengjande og spennande. For You er ei umiddelbart fengande låt som gir god energi i publikum.

UKM - Bear Inc.jpg

 

Khaled Moussa med Demons

Om Khaled skriv juryen:  Fin scenefigur, fekk raskt god stemning i salen. Bra stemme og bra vokalprestasjon, men litt meir øving  på gitar.

UKM - Khaled.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kunst:

Linn Huserbråten med Elefant

Om biletet Elefant skriv juryen : Fin anatomi og proporsjonar. God modellering. Fin moderat bruk av fargar.

UKM - Linn Huserbråten.jpg

 

Even Finnøy med Gitarstrengar

Om gitarstrengar skriv juryen: Fint fargespel og lys i bilete. Gode kontrastar og romverknad.

UKM - Even Finnøy.jpg

 

Frå Ørsta har juryen valgt å sende vidare følgjande:

Scene:

Jenni Aamås med Some die young

Om Jenni skriv juryen: Veldig fin songstemme, songen passar perfekt til stemma, godt samspel. Jenni hadde med seg onkel Jossi på gitar.

UKM - Jenni Åmås.jpg

 

Tora Ose med songen Kan eg gjer noko med det

Om Tora skriv juryen: Fint songvalg, fin dynamikk, god kraftig stemme. God innlevelse, lett å sjå at ho likar å stå på ei scene og har gjort dette før!  Tora hadde med seg broren Sigurd Ose, som også fekk skryt av juryen for flott pianospel.

UKM - Tora Ose.jpg

 

Kunst:

Marie Haugen med Rødhette

Om Rødhette skriv juryen: Fin fargekomposisjon. Eit uttrykksfylt og sterkt bilete. God modellering og godt jobba med det digitale.

UKM - Marie Haugen sitt bilete Rødhette.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I tillegg har juryen valt å nominere Frida Mo Bergli som programleiar. Når det gjeld programleiiarane har ikkje kommunane same moglegheit for vidaresending, men kan anbefale til UKM Møre og Romsdal, som gjer siste valet.

Juryen ønskjer deltakarande lukke til i fylkesmønstringa! Fylkesmønstringa går av stabelen i Midsundhallen 31.mars-02.april.  

Følg oss