Reknskapstal 2019

Pixabay Kommunedirektøren gir her eit kort samandrag av rekneskapen 2019. Større eller mindre endringar kan kome i samband med ferdigstilling og revisjon.

Komplett rekneskap er klar for politisk godkjenning i kommunestyret 7. mai.


Kortfatta samandrag av rekneskapstala 2019

Netto driftsresultat vart om lag kr 3,2 mill. Dette utgjer 0,36 % av driftsinntektene. Kommunedirektøren er nøgd med at Ørsta kommune samla leverer positive tal, sjølv om netto driftsresultat er lågare enn tilrådd nivå på 1,75 %.

I opphavleg budsjett for 2019 vart drifta finansiert med bruk av kr 4,7 mill. frå disposisjonsfond. Beløpet vart i løpet av hausten auka til kr 9,7 mill. for å styrke drifta innan pleie og omsorg. Førebels viser årsrekneskapen at heile dette beløpet kan tilbakeførast til disposisjonsfondet. Samla vart mindreforbruket på kr 17,5 mill. slik at kr 7,8 mill. kan setjast av til å auke disposisjonsfondet.

Trass styrkinga av drifta innan pleie og omsorg på kr 9,0 mill. i løpet av hausten, enda meirforbruket for tenesta samla på kr 11,2 mill. Eit samla mindreforbruk på dei andre driftsområda på kr 10,4 mill. førte til at det samla meirforbruket i drifta berre vart på kr 0,8 mill.

Dei frie inntektene vart kr 15,2 høgare enn budsjettert. Dette skuldast i hovudsak auka skatteinntekter med kr 6,6 mill., auka rammetilskot med kr 5,8 mill., auka eigedomsskatt med kr 0,7 mill. og auka statstilskot med kr 2,1 mill.
Netto finansutgifter vart kr 3,2 mill. lågare enn budsjettert.

Større eller mindre endringar kan kome i samband med ferdigstilling og revisjon av rekneskapen.
 

Følg oss