Regional utvikling - statlege arbeidsplassar
Utviklinga på landsnivå viser at tal på statlege arbeidsplassar er i vekst, medan talet i Møre og Romsdal er på veg ned. Vår region har halvparten så mange statlege arbeidsplassar som resten av landet, og Møre og Romsdal fylke burde hatt 4000 nye statlege arbeidsplassar for å kome opp på landsnivå!
Vi ligg også etter når det gjeld forskningsarbeidsplassar, med om lag 250 forskarstillingar i fylket. Det er flest statlege arbeidsplassar knytt til helseforetaket.
På kort sikt treng Møre og Romsdal tilførsel av statlege arbeidsplassar gjennom utflytting frå Oslo eller tildeling av nyetablerte statlege verksemder. Møre og Romsdal legg til grunn at regional stat blir tilpassa dei nye regionane – og at hovudregelen blir at statlege etatar skal vere lokalisert i alle regionane. Møre og Romsdal vil også arbeide for at fleire statleg finansierte Fol-arbeidsplassar og forskingsmiljø i større grad blir skapt i og lokalisert til vårt fylke.
Publisert 23.02.2018 15:13