Rampe på badeplassen ved Vatnevatnet

Rampe på Vatnevatne

Ørsta kommune har i den seinare tid arbeidd med tilgang til vatnet for alle. Det er opparbeida og asfaltert gangveg til vasskanten og nyleg vart rampe for å kome ut i vatnet montert.

Den har eit godt handtak å halde i og jamt underlag å rulle på og kan nyttast av born og vaksne. Det er ikkje mange badeplassar der rampe er på plass, så informasjonen må ut til innbyggarar og turistar. Frå før av har badeplassen fått toalett. Takk til alle som har arbeidd med saka og velvillige grunneigarar.

No gjeld det at sommaren og badetemperaturen blir slik vi ønskjer det.

Vatnevatne - rampe

Følg oss