Rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2018

Rådmann Wenche Solheim.

Rådmannen i Ørsta legg i dag fram budsjettet for 2018 og kommuneplanen sin handlingsdel for 2018-2022. Budsjettframlegget for 2018 er i balanse, med kr 599 mill. til fordeling på tenesteyting og drift. Dei samla driftsinntektene er kr 843 mill. Av dette vert kr 591 mill. nytta til løn og sosiale utgifter til dei om lag tusen tilsette som jobbar i og for lokalsamfunnet vårt. Vi legg fram eit ambisiøst og utviklingsretta investeringsbudsjett. I 2018 får vi er eit finansieringsbehov på 302 mill. Av dette vil kr 173 mill. vere nye låneopptak. 

 Lenkje til Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2018

 

 

Det skjer svært mykje positivt i Ørsta

Vi er ein kommune med mykje ressursar og mange muligheiter. Både kommunen, private og fylkeskommunen har planar for store prosjekt som vil ha mykje å seie for utviklinga av kommunen vår. Men det er ikkje tvil om at store investeringar pressar drifta. Vi taper inntekt på at vi frivillig held fram som eigen kommune og vi opplever ein svak vekst i dei frie inntektene frå staten. Men vi skal framleis medverke til bu- og investeringslyst i Ørsta, og vi får mykje ut av dei ressursane vi har. Vi leverer gode tenester, noko brukarundersøkingane vitnar om.

Omstillinga må likevel starte no. Vi må vere kreative og effektive, både når det gjeld drifta og når vi skal investere for framtida.  Vi må vere innstilt på å endre mål og krav og legge ned aktivitetar for å kunne gje plass til det nye. Kommunane må tilpasse seg reduserte inntekter, fleire eldre og mindre å fordele til velferd med omstilling og digitalisering. Prognosen for folketalsutvikling viser eit stabilt barnetal fram til 2040 i Ørsta, og ein auke aldersgruppa over 67 år. Behova for tilbod og tenester aukar. Det gjer også krava og forventningane til kva kommunane, helsevesen og andre offentlege tenesteytarar skal levere. Ein større del av befolkninga vert pensjonistar, og det vert fleire i dei aldersgruppene som vil ha behov for tenester. Vi må reparere skader som følgje av klimaendringane og vi må førebygge at skadar oppstår - altså doble klimakostnader.

 

Redusert driftsramme

Utgangspunkt for budsjettet er kostnadane med dagens drift, der løn er den store kostnaden. Kommunestyret handsama økonomiplan 2018-2021 i oktober og fordelte kr 596 500 000,- til drift. Det inneber ei redusert driftsramme på 2,3 % . Det har difor vore ein tøff prosess å få budsjettet i balanse, sidan kutta påverkar evnen vår til å produsere tenester for innbyggarane våre. Seksjonsleiarane har gjort greie for konsekvensane under sine kommentarar og kutta er oppsummert i ein tabell på side 17.

Store investeringar og «strengare» avskrivingsreglar pressar drifta, sjølv om rentene er rekordlave. Nye investeringar som vert prioriterte må difor gi ein gevinst, mellom anna i form av reduserte driftskostnader. Nokre av dei viktigaste investeringsframlegga for perioden er:

  • Regulering og kjøp av areal til bustadtomter på Fremre Mo
  • Oppfølging av tettstadsutviklingsprosjektet
  • Bygging av nye Ørstahallen
  • Ny symjehall i Ørsta sentrum
  • Ombygging av gamle legesenteret
  • Ferdigstilling av omsorgsbustadar i nye legesenteret
  • Nybygg for barneskulen i Ørsta sentrum
  • Opprusting av Hovden skule
  • Skredsikring på Vallabøen
  • Oppgradering av vassverket i Vikegeila
  • Ferdigstilling av tømmerkaia ved Ørstaterminalen
  • Oppgradering av kommunale eigedomar
  • IKT- investeringar og digitalisering/effektivisering  
  • I tillegg er det planar for oppgradering av kulturhuset i samband med bygging av ny vidaregåande skule i sentrum.  

Nye vedtekne tiltak som mellombels barnehagetilbod på Sæbø og at barnetrygd ikkje skal reknast med ved utrekning av sosial stønad, kan ikkje dekkast innanfor dei allereie nedskorne rammene. Ramma for 2018 dekker ikkje løns- og prisveksten og vi har redusert alle postar som kan reduserast.
 

Effektivisering, førebygging og digitalisering

Budsjettet er lagt fram i balanse med bruk av kr 0,5 mill. frå fond. Rammene til fordeling drift er på kr 599 mill. Det er teke høgde for 2,2 % løns- og prisauke. Statsbudsjettet legg opp til 1,6 % prisauke og 3,0 % lønsauke, som samla utgjer ein auke på 2,6 %. Ein kommune treng mykje folk for å kunne levere tenester innan oppvekst- og omsorgssektoren. Difor vil lønsauken påverke driftsrammene våre. Rammene for driftseiningane er no svært stramme. Det krev effektivisering og meir satsing på mellom anna førebygging og digitalisering. Vi driv allereie effektivt i Ørsta - så vi har lite handlingsrom dersom vi ikkje også ser på strukturar.

Dersom regjeringa sitt framlegg til endringar i eigedomsskatten for verk og bruk vert vedteke, vil vi få ei nedtrapping av inntektene frå skatt på produksjonsutstyr over 5 år før dei fell heilt bort. Omlegginga vil gje oss ein svikt i inntekter som er tenkt brukt til investeringar, dersom vi ikkje tilpassar oss. Rådmannen foreslår difor å auke skattesatsen på verk og bruk og næringseigedomar til 2,8 promille frå 2018. Eigedomskatt på bustadar, fritidsbustadar vert uendra.  

Vi har ein ambisiøs planstrategi og ambisiøse leiarar som ynskjer å få på plass planar som grunnlag til søknader om tilskot og utviklingsprosjekt i tillegg til å vere grunnlag for utvikling av tenesta. Planane og planprosessane skal mellom anna medverke til god samhandling mellom ulike tenesteytarar og mellom kommune og innbyggjar/brukar.

Disposisjonsfondet vil ved utgangen av 2017 vere på om lag 76 mill. etter prognosen i september. Dette er viktige reservar å ha når renter og avdrag skal betalast på nye store investeringsprosjekt

Følg oss