Rådgjevande folkerøysting om kommunesamanslåing - Står du i manntalet?

orsta eller voldaorsta.png

Dersom du ikkje står i manntalet kan du ikkje røyste i folkerøystinga torsdag 19. mai. 

No kan du kontrollere om du står i manntalet. Lista vert lagd ut til offentleg ettersyn frå og med torsdag 31. mars, til og med onsdag 18. mai på følgjande stadar:

- Servicekontoret på rådhuset
- Ørsta folkebibliotek, kulturhuset  
- Postkontoret på Vartdal
- Bellingen på Sæbø
- Forsamlingshuset Haukly på Bjørke

Alle som er 16 år eller eldre i løpet av 2016 og som er registrert som busett i Ørsta kommune per 29. februar skal vere oppført i manntalet.

Ein kan anten røyste på sjølve valdagen, eller førehandsrøyste mellom 29. april og 13. mai.

Førehandsrøysting finn stad ved servicekontoret på Ørsta rådhus. Personar som oppheld seg i utlandet, men som er manntalsført i Ørsta per 29. mars kan også delta i folkerøystinga. Kontakt administrasjonen for meir informasjon.  

Dersom du meiner det er feil i manntalslista som er lagd ut, kan du krevje at dette vert retta av valstyret. Krav om retting må vere skriftleg og må gjelde feil, ikkje flytting etter 29. februar.
Send kravet til: Ørsta valstyre, rådhuset, 6153 Ørsta.

Ørsta valstyre

Stein Aam

-leiar-

Følg oss