Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Rådgjevande folkerøysting om kommunesamanslåing mellom Ørsta og Volda

Røysteavlukke.jpg

Sjølve folkerøystinga vert gjennomført torsdag 19. mai 2016. Dersom du ikkje har høve til å røyste denne dagen, kan du røyste på førehand. Alle som har fylt, eller som fyller, 16 år i løpet av 2016 og som står oppført i manntalet har røysterett.
 

Førehandsrøysting i Ørsta kommune skal haldast ved servicekontoret på rådhuset i kontortida, måndag - fredag frå kl. 08:00 - 15:30 frå og med fredag 29. april til og med fredag 13. mai. - Husk legitimasjon. 

Frå og med 29. april kan du førehandsrøyste ved servicekontoret på Ørsta rådhus til desse tidene:

Fredag 29. april – fredag 13. mai                 08.00 til 15.30

Laurdag 7. mai                                             10.00 til 14.00          

Torsdag 12. mai                                            09.00 til 18.00

På institusjonar i Ørsta kommune vert det høve til å førehandsrøyste slik:

Ørstaheimen                             måndag 2. mai 10.30 til 12.30

Vartdal Helsetun:                      tysdag  3. mai   11.00 til 12.30

Hjørundfjordheimen:                 onsdag 4. mai   10.00 til 11.30

Bakk- Ola- marka                      måndag 9. mai  11.00 til 12.00       

I Norangsfjorden, ved tidlegare Urke skule: tysdag 10. mai 16.00 til 19.00

Ved skulane:

Ørsta ungdomsskule:                                   onsdag 11. mai 10.00 til 12.00

Ørsta vidaregåande skule                            torsdag 12. mai 10.00 til 12.00

Brevrøysting. Dei som oppheld seg utanfor kommunen både på valdagen og under førehandsrøystinga, kan brevrøyste. Framgangsmåte for slik røysting finn du her.

Røystesetel for Ørta kommune Du må vere registrert i manntalet i Ørsta for å kunne røyste. 

Frist for å søkje valstyret om ambulerande førehandsrøysting for personar som ikkje kan forlate bustaden sin er sett til onsdag 11. mai kl 12.00. 

Følg oss