Pressemelding

Ørsta - Volda.jpg

I vår bad styret i Bjørke grendelag om hjelp frå Ørsta kommune, slik at dei kunne hente inn nødvendig informasjon i samband med grensejusteringa på Bjørke. 

Oppdraget til grendelaget omfatta å avklare om det er fleirtal eller ikkje for å søke om grensejustering.  Ørsta kommune har i prosessen vore innstilte på å svare på spørsmåla til innbyggarane på Bjørke, så langt det let seg gjere. Kommunen har også teke kostnadane for ei enkel høyring, for å avklare om det er fleirtal eller ikkje for å søke om grensejustering. Ved fleirtal ville grendelaget, på vegne av bygda, sende søknad om grensejustering til fylkesmannen. Om det ikkje hadde blitt fleirtal ville saka blitt avslutta frå grendelaget si side. 
 
Ørsta kommune har i dag (mandag 25.september) fått melding frå Bjørke grendelag om at dei avbryt oppdraget sitt. Grendelaget tok denne avgjerda etter at det vart kjent at ei gruppe innbyggarar på Bjørke alt har sendt søknad om grensejustering til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Når ein søknad om grensejustering no ligg føre er det fylkesmannen som «eig» prosessen og sit med ansvar for utgreiing, slik reglane i Inndelingslova seier.
 
Det har vore stilt spørsmål ved om informasjonen frå kommunen i denne saka grip inn i eventuell framtidig utgreiing. I samråd med grendelaget vel kommunen å ikkje offentleggjere informasjonen som grendelaget etterspurte.
 
Wenche Solheim, rådmann i Ørsta kommune
 

 

Følg oss