Pressemelding 

Bildet viser fasaden av Ørsta rådhus når det snøvar. - Klikk for stort bilete Ingvild Marie Taraldset

Formannskapet som klageutval har i dag fått orientering om tilsynssak omtala i media februar 2023.  

Media har omtala tilsynssak knytt til psykisk sjuk brukar, der Statsforvaltaren har konkludert med lovbrot knytt til helse og omsorgstenestelova. Ørsta kommune har utarbeida handlingsplan for lukking av avvik, og evaluering skal ligge føre medio april 2023.  

Ørsta kommune har både ansvar for å levere tenester av god kvalitet, samtidig som at vi skal sikre at våre tilsette har eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø. Det å levere tenester skjer i samspel med brukar, og vil i nokre høve kunne vere risikofylt. I den konkrete saka som har vore omtala i media, varsla hovudverneombodet stans av arbeidet jfr AML §6-3 på grunnlag av at det var fare for liv og helse for tilsette. Som konsekvens av dette vart det gjennomført risikovurdering både knytt til tilsette og brukaren sine tenester. Det vart gjort faglege vurderingar i høve kva som var nødvendig helsehjelp og det vart sett inn kompenserande tiltak som sikra både brukar og tilsette. Tiltaket pågjekk over ein kort periode, fram til situasjonen hadde stabilisert seg og det vart vurdert som forsvarleg å gjenoppta tenestetilbodet i samsvar med opphavleg vedtak.  

Det pågår no ein debatt kring kva kommunane kan levere av tenester til brukarar med omfattande behov for spesialiserte tenester, og media har ei viktig rolle. Denne debatten må halde fram, samtidig skal vi som kommune i samarbeid med våre dyktige tilsette gjere det vi kan for å levere gode tenester i samsvar med brukarbehov og lovkrav.  

Stein Aam     Wenche Solheim 

Ordførar         Kommunedirektør 

Følg oss