Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Pressemelding frå NAV Ørsta/Volda

NAV.jpg

NAV tilpassar seg nye digitale tider.  Frå 3. april gjer NAV-kontora i heile landet endringar i tilbodet for å få fleire brukarar over på nettbaserte tenester. Dette for å frigjere tid til oppfølging av dei brukarane som treng mest hjelp. Brukarar som etter 3. april kjem til NAV-kontoret med spørsmål om ytingar, utbetalingar og søknader vil i hovudsak verte vist til sjølvbeteningsløysingar på www.nav.no og til NAV si telefonteneste 55 55 33 33. 

I tråd med med dette, vil også opningstidene hos NAV Ørsta/Volda verte endra. Dette for å frigjere ressursar og auke innsatsen i høve personar som står lengst unna arbeidsmarknaden.

Vi skal gjennom denne endringa bruke ressursane våre betre, vi skal auke kvaliteten på tenestene våre og brukarane skal få endå betre svar og service på sine henvendelsar.

I dag har vi mange gode digitale løysingar og kontaktmogelegheiter, som gjer at brukarane kan ordne mykje av det dei treng via nett eller telefon. Digitaliseringa av NAV er eit viktig verkemiddel for å kunne løyse det samfunnsoppdraget NAV har fått. Dei fleste i samfunnet treng ytingar eller bistand frå NAV ein eller fleire gonger i løpet av livet, og NAV sine brukargrupper har ulike behov. Mange av brukarane har god datakunnskap og er van med å finne fram på nett.

Ved å legge til rette for gode digitale løysingar vil våre rettleiarar kunne få betre tid til oppfølging av ungdom, langtidsledige, sjukmelde og dei av våre brukarar som står lengst unna arbeidsmarknaden.

- Sjølv om vi no får kortare opningstider på kontoret, så er det ikkje slik at vi stenger for publikum, snarare tvert imot. Gjennom sjølvbeteningsløysingane kan ein enkelt sitje heime og følge opp si sak når det passar, og gjennom digital dialog med NAV få raske og presise svar på ulike spørsmål. Og det er ope 24 timar i døgnet. Via Nav sine chat-løysingar kan ein få kontakt med spesialistar innan alle fagområde over hele landet.

Nokre vil kanskje trenge starthjelp for å kunne nytte seg av tenestene. Dette kan dei få ved å ringe NAV Kontaktsenter 55 55 33 33, eller ved å kome til NAV-kontoret. Det er då viktig å ta med bank-id.

Nye opningstider frå 24. april: mandag, tysdag, torsdag og fredag klokka 12.00 – 14.00.

Mvh. Eli Grøtta, NAV-leiar

Følg oss